Annonsørinnhold
Høgare utdanning sikrar tryggleik
og kvalitet i Velferds-Norge
– Høgare utdanning og forsking er langsiktige investeringar. Det høge utdanningsnivået i Unios yrkesgrupper bidrar til å sikre kvalitet i offentlege tenester, forsking i verdsklasse og tryggleik og tillit i samfunnet, seier Unio leiar Ragnhild Lied.
Unio er Norges største hovudorganisasjon for arbeidstakarar med høgare utdanning.
– Våre utdanningsgrupper, politi, lærarar, sjukepleiarar og andre, har ei viktig samfunnsrolle. Den viktigaste jobben for oss er difor å ivareta interessene til universitets- og høgskoleutdanna. Å sikre ei høgare verdsetting av kunnskap, forsking, kompetanse og ansvar er eit hovudmål for oss, seier Lied.
Unio har 14 forbund med om lag 400 000 medlemmar. Unio famnar om yrkesgrupper i både privat og offentleg sektor, men det er kvinnedominerte yrkesgrupper i offentleg sektor som utgjer fleirtalet av Unios yrkesgrupper. Nærare 80 prosent av medlemmane er kvinner.
– Vår kamp for verdsetting av høgare utdanning er også ein kvinnekamp. Det er eit likelønnsproblem når høgt utdanna i jobbar som hovudsakleg blir gjort av kvinner, er langt dårlegare betalt enn samanliknbare mannsdominerte grupper, seier Lied.
Utdanning må lønne seg
Store offentlege velferdstenester slit med å rekruttere og behalde sine tilsette. Dette er eit samfunnsproblem som må løysast i fellesskap mellom mange aktørar. Lønnsnivå, lønnsutvikling og arbeidsvilkår er faktorar som bidrar til at yrke blir attraktive.
– Lønnsutviklinga for mange høgt utdanna, særleg dei med utdanning på bachelornivå i offentlege verksemder, er så lav at utdanninga ikkje lønner seg i eit livsløpsperspektiv, seier Lied.
Unio jobbar mellom anna for at styresmaktene og partane i arbeidslivet skal sikre eit betre lønnsnivå og ei lønnsutvikling som gjer at høgt utdanna menneske ønsker å jobbe i velferdstenestene.
– Skal vi framleis sikre dyktige medarbeidarar i dei livsviktige tenestene i offentleg sektor, må samfunnet verdsette utdanninga og kompetansen som desse arbeidstakarane har, langt høgare enn i dag, slår Lied fast.
Må sikre kvaliteten i tenestene
Blant Unios 14 forbund er det eit fleirtal av profesjonsutdanningar. Dette er utdanningar ved universitet og høgskolar som bygger på forsking- og erfaringsbasert kunnskap.
– Dei utdannar profesjonelle yrkesutøvarar med evne til å utøve skjønn i konkrete arbeidssituasjonar, og som tar i bruk ny forskingsbasert kunnskap i jobben, forklarar Lied.
Ho understrekar at høg formell kompetanse sikrar kvalitet i offentlege tenester. – Innovasjon og nytenking for å møte det grøne skiftet, demografiske utfordringar og digitalisering må skje gjennom satsing på forsking og høgare utdanning, slår Unio-leiaren fast.