Rådgjevar kulturarv
Er du vår nye rådgjevar/sakshandsamar kulturarv?
Kanskje Noregs mest spanande stilling innan kulturarv!
Stad kommune har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/sakshandsamar kulturarv frå 01.04.2025.
Arbeid med Selja kloster og helgenanlegg utgjer cirka 60% av stillinga, og er finansiert av Vestland fylkeskommune/Riksantikvaren.
Andre oppgåver du kan sjå fram til å arbeide med er mellom anna:
- Unesco verdsarvsøknad for monumentale skipsgraver frå vikingtida
- Forvaltninga av Noregs eldste eksersisplass, med bygg frå 1700-talet
- Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse: Stadlandet og Selja
- Kulturmiljø av nasjonal interesse: Eidsgata og Tverrgata, gravhaugane på Nordfjordeid, m.fl.
- Verdiskapingsprogrammet "Stad i 4000 år"
- Nøkkelstaden Selja kloster på Kystpilegrimsleia
- Formidling av kulturarv
Arbeidsstad Selje og Nordfjordeid.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar for kulturarv i Stad kommune er du med i eit lite, men effektivt team, som har mykje kontakt med fagmiljø i Vestland fylkeskommune, Universitetet i Bergen, Riksantikvaren, Nidarosdomens restaureringsarbeider med fleire. Stillinga er variert og spanande og ein må rekne med ein del reiseaktivitet. Du skal mellom anna:
- Vere Stad kommune sin representant i arbeidet med Selja kloster og helgenanlegg, der du har ansvar for å følgje opp arbeid med konservering, skjøtsel og forvaltning av Selja kloster i samarbeid med relevante aktørar og offentlege styresmakter
- Delta i samarbeidsrådet for Selja kloster og helgenanlegg
- Følgje opp planarbeid i Stad kommune på kulturarvfeltet, som kulturplan, kulturarv- og kulturmiljøplanar, formidlingsplan for utvalde kulturlandskap, brannsikringsplan for tette trehusmiljø m.m.
- Delta i tverrfagleg plan- og utviklingsarbeid som involverer til dømes kulturarv, miljø, reiseliv, formidling, stadutvikling og arealplanar
- Samarbeide med Selje regionale pilegrimssenter om utvikling av kystpilegrimsleia, samt fungere som leiar for nøkkelstadgruppa for Selja kloster
- Ta del i utvikling av Selje prestegard som kulturhus og formidlingsarena
- Sakshandsame, uttale og rådgje i byggje- og arealplansaker i Stad kommune i kontakt med relevante eksterne fagmiljø som fylkeskommune, riksantikvar, kulturminnefondet og andre
- Følgje opp tiltak i kulturarvplan og samarbeide med relevante aktørar i Stad kommune om å bevare, formidle og nytte kulturarv i lokal samfunnsutvikling
- Gje råd og rettleiing til innbyggjarar om eksterne søknadsordningar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå eller bachelor innan relevante fagfelt som arkeologi,museologi, kulturminneforvaltning , konservering, kulturhistorie, kunsthistorie, historie eller liknande
- Erfaring frå offentleg sakshandsaming og forvaltningsarbeid med plan- og bygningslova og kulturminnelova er ynskjeleg
- Relevant erfaring frå kulturminneforvaltning og arbeid med kulturarv er ynskjeleg
- Erfaring med prosjektleiing er ynskjeleg
- God munnlege og skriftlege framstillingsevne i norsk og engelsk
- God IKT-kompetanse
- Du må ha førarkort klasse B
- Det er ynskjeleg at du har båtførarprøva
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv og raus lagspelar
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
- Du har gode samarbeidsevne
Vi tilbyr
- Eit særs rikt og spennande kulturarvfelt
- Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, frivilligsentralar og bibliotek
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Ein kommune som tek vare på og satsar på kulturarven i samfunnsutviklinga!
- Løn etter utdanningsnivå og ansiennitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Adresse:Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Om arbeidsgivar:
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/